besviming og jordskjelv
Hei hå!
Mykje action siste veka fyri jol:)
På fredag skulle eg lage pizzadeig mens Frida henta syster si på togstasjonen, då pizzadeigen skulle heve skulle eg legge eit håndkle over... Det låg oppe på skåpet på kjøkkenet, og eg skulle berre hoppe eit hopp opp og ta tak i det. Tok sats og hoppa- og smelte hofta rett i håndtaket.... Det gjorde sinnsjukt vondt og eg blei heilt svimmel, lente mg mot veggen og venta på at d skulle gå over. Det neste eg hugsar æ at eg ligg på golvet, ser opp i taket, skjønnar kje heilt hør eg æ, reiser mg opp att, litt øm i hovudet, ser skittentøy utover gølvet og at skittentøyskorga æ heilt most og beina knekt... Besvima visst! MAKAN...:p Blei sjokka og ringte både Frida og Kristin (fagperson;)) hehe.
Pizzaene blei forresten gode.
I natt våkna eg kl 6.19 av at d rista i senga og klirra i skåpa eit par-tri sekund... Ikkje he eg trøll onde senga, ikkje som eg veit i hvertfall, sø eg tenkte at d måtte vere jordskjelv. Heftig. Frida tusla inn døra rett etterpå (hadde vore hjå Marius og skulle svømme på morgon) og eg spurte om ho hadde merka det, det hadde ho, hadde sitti på do og trudde d var nokon i leiligheten ovanfor som bråka fælt! hehe.
Nyhetane kl 8 informerte om 4.8 på Richtersscala og det største registrerte jordskjelv i Dk på nokre 100 år, trur eg, artig å oppleve d;) Litt skummelt au!
I morgo blir d jolegåve shopping, og snart heimreise, får også besøk av nokre i morgo te litt gløgg og marsipan-figur laging :)
krams

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home